top of page

Stig på - din eigen fjellheim

På SOV Lodge har kvart rom sin eigen stil, historie og sjel. Dei 10 hotellromma er delt inn i kategoriar frå enkle kvistrom og høgstandard dobbeltrom, til villreinsuite med himmelseng og plass til heile familien. 

 

Frukost får du servert i den staselege peisestua i fyrste etasje. 

79377552_136087074742204_326926497326353
Kvisten

3 sjarmerande dobbeltrom

 

På kvisten i tredje etasje i SOV Lodge finn du tre separate loftsrom med dobbeltseng.

 

Kvisten byr på autentisk historisk idyll med skråtak, original innreiing og luftige senger oppunder takåsen. Den florlette sjarmen frå nær fortid er understreka med emaljerte vaskevannsfat som du fyller frå springen utanfor rommet. Sjeldan har det vore trivelegare å bu seg på ei natt i drømmeland!

​

Nybygd baderom med dusj, toalett og moderne fasilitetar finn du ned trappa.

SOVLodge_interiør_1190.jpg
Losjiet

6 unike dobbeltrom med eigne bad

​

Flunka nye løysingar og 300 år gamal historie i fascinerande samspel – der har du stilen på dei seks dobbeltromma i SOV lodge.

​

Dei eldste tømmerveggane på SOV Lodge er frå 1700-talet. Vi har lyfta dei fram i lyset i delikat samspel med moderne panel, lekre baderom og interiør frå alle tidsepokar.

 

Kvart av dei seks romma har dobbeltseng og eige bad med dusj – samt ein fargepalett og interiør som bygger opp under kvart rom si sjel og særpreg.

SOVLodge_interiør_1128.jpg
Villreinsuita

Suite/familierom med to rom og bad

 

Du treng ikkje vere storviltjegar for å oppleve villreinen, på SOV Lodge bringer vi reinen til deg.

​

I vår romslege suite med himmelseng, to soverom og premium bad med badekar prydar vakre reinsskinn frå vår gode nabo Jutulskinn veggar og interiør.

 

Villreinen har vore livsgrunnlaget i Vågå gjennom tusenar av år. Det er såleis ikkje tilfeldig at Sofie Kleppe, den fremste skinnmesteren i Noreg, valde nett Vågå for etableringa av tradisjonsgarveriet Jutulskinn.

 

Velkomen inn i Sofies verden!

Book opphald

Vel type rom i bookingløysinga nedanfor. Ynskjer du å overnatte i eit spesifikt rom,

så finn du dette valet i neste bookingtrinn. Velkomen!

Book

Gler oss til å ta i mot deg!

​

Ta gjerne kontakt for tips til ferieaktiviteter og komplette pakker med kost og losji. 

Brennvegen 4,
2680 Vågå
 
Tlf: 951 18 516
booking@sovlodge.com
​

Finn vegen til Vågåmo:

© 2020 SOV Lodge.

Nettsida er satt opp av SMELT Media

​

#sovlodge #vågå #gudbrandsdalen #innlandet #norge #jotunheimen #lågåivågå

bottom of page